Velkomen til Sikje Småbruk
Tove og Kjell Digernes ynskjer velkomen til eit økologisk småbruk i kystkulturlandskapet på vestsida av Bømlo.
Garden ligg fint til og høver godt for ferie og rekreasjon.
Her kan ein fiske frå land eller leige ein båt, eller berre rusle rundt og sjå på gamle husdyrraser.
Øøkologisk bihald gjev oss velsmakande lynghonning frå purpurlyng og røsslyng.
Sjølv om me har ein travel kvardag er det kjekt å rette ryggen og slå av ein prat med dei som kjem innom antan for å leiga feriehus eller for å sjå kva med har i drivhuset /gardsbutikken.
Nyheter
Ferskt økologisk villsaukjøt
Haustens villsaukjøt er no for sal.
Ferskvare haldbar på kjøl til 01.12.11.
Sjå prisar under gardsprodukt.
Urtebilen
Urtebilen frå Sikje kan treffast på torget på Bømlo, Bergen eller Haugalandet.
Sjå etter annonser i lokalavisene, og oppslag nedefor. Frå bilen kan du kjøpe ferske urter og nydeleg lynghonning frå Bømlo.
Me kan og kontaktast for tinging eller besøk på garden. Tlf 97523949

