Historie


Gardane Sikje og Storhaugvik er to småbruk på garden Vornes i Bømlo kommune.
Dei vert utskilt i 1854 til to bruk.

 

Sikje gard vert kjøpt av Karl Andreas Digernes i 1913 og har vore i familien Digernes si eige sidan då. Storhaugvik vart kjøpt av Arne Andreas Amundsen i 1916 og har vore i familien etter dette. Desse to gardane vart slått saman i 1995. I 2002 kjøpte Kjell Erling Digernes og Tove Britt Digernes, (født Amundsen) garden.

Visjon:

Tove og Kjell driv i dag økologisk urteproduksjon. I tillegg er dei travelt opptatt med kyr, sauehald og birøkt. Storhaugvik er lagt om til økologisk drift og vil verta tilbakeført mest likt “gamledagar” med gamle hus, reiskapar og kanskje vil du treffa på nokre av dei gamle husdyr-rasane.Kyrne ei av dei gamle bevaringsverdige rasen Vestlandsk Fjordfe og sauene er Gammalnorsk sau (villsau) Det er og bærhage på garden og ei strand der ein kan fanga krabbe i spann, som ei slepp ut att når ein går heim. Storhaugvik har eit eige røykeri på garden.Her røykte dei sild før i tida og selde til butikk og eksport over heile verden.

I Sikje har me drivhus med urter. Det vil seianre verta sett opp ein liten gardsbutikk med salg av økologisk dyrka urter, honning og anna godt. Det vert og ein visnigshage der folk kan koma på besøk og kikka seg rundt.

 

Hovedgalleri

024-2 img_9990ny 073-2 011-2

Debio nr. 1475