Økologisk jordbruk

Økologisk mat og landbruk veks stadig fram.
I 1986 var det kun 19 gardsbruk som var godkjende økologisk. No er talet oppe i 2099. Nærare 2500 gardsbruk i Noreg er dermed økologisk drivne eller under omlegging til økologisk drift. Mange av desse har enno ikkje Debio-godkjent status som merkeprodusentar. Ikkje-godkjente kan for eksempel vera gardsbruk som er under omlegging til økologisk produksjon, men der drifta ikkje fullt ut kvalifiserar til Ø-merket.

Kva er økologisk mat?

Kjøper du økologisk mat, tek du samtidig eit helsebringande val for deg og din familie. I tillegg bidreg du til å gjera verda litt meir miljøvenleg. For dei norske reglane for økologisk produksjon set strenge krav til korleis matproduksjon og foredling føregår, og sørger for at maten du eller familien din et er av høgaste, og sunnaste kvalitet.
Varene er produsert etter omfattande krav til økologiske, ressursmessige og etiske bestemmelsar, og inneber f.eks. at kunstgjødsel og kjemiske plantevernmidlar ikkje skal brukast. Økologisk kjøt og melk kjem frå kyr og sauer som har ete fôr som ikkje er sprøyta med plantevernmidlar, og som er dyrka utan kunstgjødsel. Dyra et berre ei viss mengde kraftfôr. Dei går utandørs om sommaren, og har resten av året anledning til å koma ut.

I Norge kan ein ikkje bruke det såkalte Ø-merket om ikkje varene er produsert og kontrollert i henhald til føreskriftene. Ø-merket er dermed forbrukarane sin garanti for at produktet er dyrka etter dei norske reglane.

Økologisk mat er jamnt over dyrare enn konvensjonell mat. Kvifor?

Den viktigaste grunnen er at det er meir kostnadskrevande å produsera og distribuera økologiske produkt. Sjølv om økologiske bønder slepp utgifter til kunstgjødsel og sprøytemidlar, krevst det meir arbeidsinnsats i ei økologisk driftsform. Avlingane vert og noko mindre enn ved konvensjonell drift.

Forbrukarane vert stadig minna på at landbruksprodukt kan innehalde noko me slett ikkje har lyst å putta i munnen.
Økologiske gardar dyrkar og meir av det foret som vert nytta på den enkelte gard, og dette gjer lavare risiko for smitte av sjukdomar som kugalskap.
Det er ein viss logikk i at mat framstilt utan kunstgjødsel og giftstoff og vil vera sunnare å eta.

Frisk luft, rett mat og eit godt forhold til menneska rundt seg. Det gode liv skal og tilstrebast for husdyra på ein økologisk gard.

Reglane for økologisk landbruk i Noreg legg stor vekt på husdyretikk. Muligheitane for naturleg utfolding skal vera til stades i så stor grad som mogeleg. Dette inneber blant anna at:

  • Dyra skal ha mogelegheiten til å vera mykje ute.
  • Innandørs bør dyra har rimeleg god plass.
  • Det skal leggast til rette for ein mest mogeleg naturleg adferd.
  • Dyra skal fôrast i samsvar med det som er naturleg for arten.
  • Forholdet mellom menneske og dyr må vera best mogeleg. Det er viktig å lika dyra, og gjera dei fortrulege med menneske. Spesielt viktig er det med eit nært og vennskapeleg forhold til store dyr.
  • Transport til slakteri skjer under strenge reglar.
  • Avliving skal førekomma raskt og mest mogeleg smertefritt.

For mer informasjon om økologisk jordburk klikk her

Hovedgalleri

img_0015ny 067-2 080-2 073-2

Debio nr. 1475