Lynghonning

Ekte lynghonning frå Bømlo er eit ekte naturprodukt.

Med sine store vidder med røsslyng og den vakre purpurlyngen hengande oppe i berget, er seinsommaren eit vakkert syn for både folk og bier.
Purpurlyngen kjem først, den har ein ekstra kraftig smak.

Både bier og lyng er vare for kunstgjødsel og sprøytemidlar, og me nyttar difor ikkje dette. Ekte lynghonning frå Bømlo er det reinaste naturprodukt ein kan tenkja seg.


Honning er det produktet honningbiene framstiller av søte safter fra levande planter og plantedelar, omdannar og lagrar i kuben. Nektaren vert produsert i plantene sine nektarier.
Biene vert lokka til blomen, i dette tilfellet lyngen, og hjelper på den måten til med bestøvning.

I honning er det hittil påvist over 180 ingrediensar.

  • ca 19% vann
  • ca 79% sukker (drue- og fruktsukker)
  • ca 2% rørsukker
  • 0,2 – 2,0% aske
  • 30 ulike mineraler
  • 12 ulike vitaminer/ enzymer;
  • 22 frie aminosyrer;
  • 19 organiske syrer;
  • proteiner (fra pollen) ,
  • 8 fettliknende stoffer;
  • ca 120 stoffer som påvirker smak og aroma,
  • og i tillegg flere påviste fargestoffer).

Lynghonning er tixotrop, det vil seiaat den har ein geléaktig konsistens.Konsistensen varierar avhengig av honningtype, temperatur og luftfuktighet.
Fargen varierar på bakgrunn av ulikt innhald av mineral og polleninnhald.Ved å eta honning får me i oss sporstoff som kroppen treng. Enzymane i honninga hjelper kroppen sine eigne enzym i fordøyelsen av anna mat.
Norsk honning inneheldr ofte meir protein enn mange utanlandske typar pga høgare polleninnhold. Dette skjer hovedsakelig fordi pollen ikkje vert fjerna frå norsk honning før frambud, noko som er vanleg i utlandet for å kunne halda honninga flytande. Honninga sin eigenskap til å halda seg flytande vert og utnytta i brød og anna bakverk, då det på denne måten held seg mjukt og saftig mykje lenger.

Hovedgalleri

img_8686 080-2 img_9975ny 073-2

Debio nr. 1475