Om gården

Garden Sikje  består av to husmanns plassar under Garden
Vornes som ligg i havgapet på vestsida av Bømlo.

I Sikje har da vore busetnad frå 1803 og i Storhaugvik sidan 1750,

I 1854 fekk brukarane kjøpt gardane på auksjon og blei sjølvstendige .

Sikje/ Storhaugvik har vore drive som typiske kystgardar der fiskarbonden måtte ta seg  arbeid utanom garden enten på fiske eller anna arbeid.

I Storhaugvik har hovudinntekta frå 1916 til ca 1970 vore røyking av sild.

I dag er all drift lagt om til økologisk.  20 dekar innmark og ca 250 da utmark med sau av rasen gammelnorsk spæl ,og ammekyr av rasen Vestlandsk  Fjordfe. På nokre øyer har me og  gammelnorsk sau ,også kaldt villsau . Dei er passe tamme da me er og godsnakkar med dei kvar veke.

Alt kjøtet blir slakta og pakka av Fatland  Ølen som  lagar kjøttdeig, biffar og anna av våre egne dyr. Kjøtet hentast heim for sal frå garden eller marknader.

Eit veksthus på 120 m2 dyrkast  krydderurter, smakfulle blomar og tomatamplar . Garden har og honningproduksjon av egne bikuber, og stort moderne slyngerom  som og kan brukast til safting, sylting, laging av pesto og anna .

Gardsprodukta vert seldt på Bondens marknad  og andre marknader som me deltek på. Det er under oppføring ein gardsbutikk i eit lite grindabygg. Her kan besøkjande kjøpa økologiske gardsprodukt.

Garden har utleige av feriehus med båtutleige. Det er ca 1000 meter standlinje med svaberg og strender der ein og kan bada eller fiske frå land.

Hovedgalleri

011-2 img_9982ny img_0005ny 023-2

Debio nr. 1475